Annonse
Publisert for 14 dagar sidan|Lokal

Nei, det er ikkje brann i brannstasjonen

Kortreist sløkking eller produksjon av eigen røykelaks?

Kjetil Vasby Bruarøy portrait
Kjetil Vasby Bruarøy
Publisert: 09.07.2026 08:43
Nei, det er ikkje brann i brannstasjonen
Sånn såg det ut i brannvesenet sin bod i 08-tida i dag. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

Torsdag i 08-tida velta det røyk ut av boden til Bjørnafjorden brann og redning. Bygget ligg tett på brannstasjonen på Moberg.

Då Midtsiden svingte inn på plassen sto varabrannsjef Erik Walden med noko som liknar kvilepuls.

– Lager du din eigen røykelaks?

– Nei, vi har øving, svarer Walden.

Migration image

Brannvesenet har hatt fleire reelle oppdrag å jobba med den siste veka, med stor båtbrann torsdag for ei veke sidan og arbeid med omfattande brann i einebustad frå fredag til søndag.

– Vi må likevel øva, seier vakthavande, Åge Kausland.

– Mannskapen har opplæring og kursing, men det må drillast, og torsdag er ofte øvingsdag hos oss. No i ferien har vi dessutan nokre vikarar, og nokre i eksisterande bemanning som skal ha roller dei ikkje har hatt så ofte. Då treng vi både drilling og samkøyring.

Midtsiden var tidlegare i år med på ulike andre øvingar, frå nedbrenning i Ulven leir til redning under is på Ulvenvatnet.

Sjå sakene under.


Annonse

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Annonse