Oppmoding frå Fjord1: Bruk heile opningstida
– Møt opp i god tid.

Kjetil Vasby Bruarøy
Publisert: 07.07.2026 15:01

Fjord1, som driftar blant anna Halhjem-Våge-sambandet, går i dag ut med ei oppmiding.
– Denne veka blir Tysnesfest arrangert, og det pågår asfaltarbeid på Tysnes til og med torsdag. Dette medfører stor trafikk på sambandet Halhjem-Våge, skriv dei.
– Vi oppmodar alle reisande til å bruka heile opningstida på sambandet og møta opp på kaien i god tid før avgang. Dette vil bidra til ei jamnare trafikkavvikling og redusera ventetida.
Feilparkering har i periodar òg vore ei utfordring på og rundt ferjekaien under festivalen.
Det er gode vêrmeldingar for festivalhelga, og arrangørane ventar stort innrykk.




