Skodde påverkar ferje- og flytrafikk
Også onsdag startar med mykje skodde i Os og andre delar av bergensområdet.

Kjetil Vasby Bruarøy
Publisert: 15.07.2026 08:21

Fjord1 opplyser klokka 07.51 at reisande må rekna med forseinkingar på sambandet Halhjem-Våge.
Årsaka er skodde.
I går skapte skodde forseinkingar på sambandet Halhjem-Sandvikvåg. Klokka 08.05 varsla Torghatten om det same i dag.
På Flesland er fleire avgangar og ankomster kansellert eller forseinka. Nokre av dei skal, ifølgje BT vera grunna skodde.
Du kan sjå status for alle på Avinor.no.





